Eg prøver å pisse! Daisy med blærekatarr?

Grasdal gard - Ein god stad for menneske og dyr

Dyra våre
Vi har hatt mange dyreslag her på garden sidan vi kom hit. Etter kvart har vi gitt oss med dei av ulike grunnar. Reven har fleire gongar hjelpt oss til å ta den avgjerda. Vi kan nemne: Gjess, ender, kalkun, fasan, duer, høner, geiter, hund. Nesten alt dette er borte no, og tilbake er berre spælsau, i tillegg til nokre esel og ein gammel og bortskjemt katt.
Av esel har vi no 8  hopper,  2 hingster og føll. Vi har berre eit vanleg esel, Josefine, resten er miniesel under 90 cm.  Eit vanleg esel er som oftast over 1,20 m høgt.  Vi sel føll av miniatyresel, og desse er så populære at vi ofte ikkje har salgsklare. 
Vi er også interessert i å redusere flokken litt ved å selge ein hingst og nokre hopper.  Dei som er interessert i ein god handel på dette, kan ta kontakt!  Prisane er eks. mvaOfte vert vi einige om svært rimeleg transport til leveringsstaden.   Hingstefølla kan levarast kastrert etter avtale.  
       
Flo  Lillebil Kendra   Minnie
Flo er født i USA mai 1997.
Kr. 22 000 m /garanti om føll.
Lillebil er født 21.7.2009. av Kendra (87 cm). 
Kr. 22 000 m/ garanti om føll.
Kendra er født i 2000 i USA. 87 cm Kr. 22 000  m/ garanti om føll. Minnie er født  juni 1997 i USA. 
Kr. 22 000 m/ garanti om føll. 
 Daisy   Kendra  Minnie og Viktor 
Daisy er født 15.1.2003 i USA.81 cm. Kr. 22 000 m/ garanti om føll
Daisy sitt hoppeføll Ivana er født 4.8.2011. Det har også Redman som far. Pris kr. 22 000.  Vert seld nyvaska av mora!  (bildet underst )
Begge to samla: 40 000, transport kan diskuterast.
Føll Lillebil
Lillebil sitt hingsteføll Zoran, født 21.7.2011.  Pris kr. 16 000,- 
 Gøril   Kendra føll  Viktor 
     
Sommervasken   Kendra sitt hingsteføll Trym, er født 11.7.2011.  Pris kr. 16 000,-  Minnie sitt hingsteføll, Viktor, er født  12.5.2011. Kr. 16 000
Hausten 2009 fekk vi oss tre radender, fransk stokkand. Dei bader seg i fiskedammen uten fisk. Endene kjem frå Sivert Blindheim som har ein fantastisk park med fugler av alle slag på Glomset.    
     
Vårt første esel, Josefine til høgre,  kjeda seg fælt åleine.  Vi måtte skaffe selskap til henne, og starta opp med import av miniatyresel frå USA. Etter tre importer har vi no 6 hopper og to hingster på garden.  Alle utanom Josefine er av typen miniatyresel, altså under 90 cm som vaksne. Bildet til venstre er frå ein av dei første dagane etter første importen i 2005.
Sau har alltid vore vår hovedinteresse, og då i særstilling den gamle norske rasen spælsau.  Vi har valgt å blande inn forskjellige farger i den opprinnlege flokken vår.  No har vi difor både grå, svarte, brune og kvite, og blandinger av desse, i flokken.
Folk og dyr får god kontakt, og alle hjelper til i det daglege arbeidet på garden. Til høgre er det Tanja som steller fint med eit svakt lam på badet.
 Lars-Olav har hatt mange gode stunder med sauene og dei andre dyra på garden.

Ein periode hadde vi geiter og småkje. Då fann Josefine seg ein god ven i sjølvaste storbukken, og dei gjekk aldri meir enn nokre meter frå kvarandre.  Det var ein trist dag den dagen bukken gjekk til dei evige jaktmarker.
Lam kvitt
Bordercollie har alltid vore vår favoritthund. Den siste, Tanja, måtte avlivast av sjukdom og andre plager. Tanja var den einaste hunden i Skodje med gjeterhhundbevis. Med meir trening og bruk, ville ho nok vorte ein flink hjelper i sauehaldet. Men vi hadde alle stor glede av ho, og det var ein tung dag når vi måtte avlive ho.
Det er alltid kjekt å få besøk av naboane. Serleg når dei er så rolege og snille som desse!
Idyllisk no.......  men vent til dei finn blomsterbedet! Her har jerven kryssa vegen vår. Dei åra han var i nærleiken misste vi 3-4 ganger så mange lam som vanlege år.  Elles har vi hatt både gaupe og jerv her fleire gonger.