Om familia vår -
Vi bur på eit lite gardsbruk i Engesetdal i Skodje
kommune nær Ålesund. Familia består av Lars-Olav, Sigbjørn og
Kristin og Harald.
Halvor var eldste guten, men døde desverre i
2005, 31 år gammel.
Grasdal
- Familia flytta til Møre i august 1980. Vi flytta til eit
nedlagt bruk som det ikkje hadde budd folk på på lenge, og
sjølve garden var ikkje dreven dei siste 20 åra. Då flyttebilen
kom, visste det seg at der heler ikkje var brukbar veg heilt
fram, alt måtte berast dei siste 150 meterane.
- Det viste seg etterkvart at optimismen kanskje var vel stor
då vi kjøpte bruket. Det meste bar preg av tidens tann og
at det var lenge sidan det hadde vore eit godt vedlikehald
på garden. Gjerdehold, marker, fjøs og hus var alt i svært
dårleg forfatning i forhold til det som var ønskeleg om ein
skulle leve der og drive garden. Før dette gjekk opp for oss,
hadde vi desverre brukt svært mykje penger i håp om å få det som
eit delvis levebrød.
- Også etter at vi innsåg at garden for alltid vil vere ein
dyr, men hyggeleg hobby, har vi lagt ned store ressurser på den.
Det er bygt nytt bustadhus (1983), i 1992 vart det bygt det som
skulle vere ei garasje, men som i alle år har vore nytta som
fjøs. I 1998 vart det bygt eit lafta stabbur, og i 1996 eit
vedskjul, faktisk det finaste vedskjulet i Grasdalen! I 2005
vart det bygt ny sauefjøs, der vi hadde sau i tre år før vi
ominnreda den til eselfjøs og tok sauene tilbake til "garasja".
Sauetalet var no redusert til knappe 30 vfs.
- Sidan 1999 har vi produsert gardsmat, med hovedvekt på
tradisjonell julemat, lammeribbe og spekekjøt. Til vanleg har vi
hatt 12-14 produkt av lam, og produksjonen har auka heile tida
fram til vi reduserte drifta i 2008. På det meste laga
produserte vi omlag 500 spekelår og lammeribbe.
- Vi starta med import av miniatyresel i 2006, og har no 10
hopper og 3 hingster. Følla vert selde som livdyr
etterkvart som dei er store nok.
Frå venstre: Halvor, Sigbjørn og Lars-Olav

Kristin og Harald var på tur til Kiel i
2006........

