
Grasdal gard -
Ein god stad for menneske
og dyr
Nokre ord om Halvor:
Vår kjære
Halvor vart
nesten 31 år.
Han vart fødd
på Nordfjordeid saman med Sigbjørn som var fødd eit par år
seinare. Då han var 15
år fekk han endå ein bror, Lars-Olav.
Han voks opp
i Engesetdalen og gjekk på skulen der og på ungdomsskulen på
Skodje før han gjekk vidaregåande i Ålesund.
Han arbeidde
nokre år på plastfabrikken før han byrja i Bygdebladet på Sjøholt.
Der hadde han arbeidet med oppsettet av avisa, eit arbeid som han
likte godt. Sist haust
byrja han på Akademiet i Ålesund for å ta utdanning vidare innen
data og då serleg design og
internett. Dette likte han så godt at han allereie hadde bestemt seg
for å fortsette eit år til då han fekk første slaget.
Det har alltid
vore eit sers godt forhold mellom alle brørne, og saknet etter han
vert difor ekstra stort for dei som er att no når han er borte.
Halvor tok seg alltid godt av den minste broren sin og
han kjente ikkje ordet ”nei”
når ”lisjebroren” spurde
om noko eller ville ha oppmerksomhet.
Halvor var
alltid ein stabil og roleg kar, også i ungdomsåra. På grunn av dette
og at han sjeldan nytte noko serleg alkohol, var han difor i mange
år fast ”festsjåfør” for sine vener.
Han var sjeldent sint og var kjent for sin lune og treffande
humor. Dei som kjente Halvor kan med handa på hjertet
seie at han ikkje hadde uvenner.
Hans store
interesse og lidenskap i livet var brigdespeling. Her fekk han mange
gode vener og i mange år var dette sjølve livet for han. Han var ein
dyktig spelar som utmerka seg både lokalt og nasjonalt, og
brukte mykje av si fritid på dette. Høgdepunktet for han var
nok i november når han saman med nokre vener deltok på det opne
verdsmesterskapen i brigde i Florida. Han var også aktivt med i
organisasjonen som leiar på Skodje, og var nok i mange år den
drivande krafta i laget her. I
tillegg var han kretsformann i fylket og sat i landstyret dei siste
åra.
16. desember
fekk Halvor slag og vart lagt inn på Ålesund sjukehus. Det var lenge
usikkert kva som hadde ført til slaget, og han vart sendt vidare til
Trondheim der dette vart fastslått. Han hadde fått betennelse i
blodårane i hjernen, ein svært sjeldan sjukdom som legane ikkje har
nok kunnskap om. Sigbjørn
reiste difor til Trondheim og var saman med han der på sjukehuset i
jula før resten av
familia drog opp i romjula. 11. januar fekk han eit nytt og endå
alvorlegare slag. Etter
dette kunne han verken snakke eller bevege seg, og var heilt blind.
Etter ein tøff
kamp for livet, og ei vanskeleg opptrening, var han no i ferd med å
verte frisk. Han hadde
fått at rørligheten i det meste av kroppen, kunne gå utan støtte og
hadde fått att litt av synet.
To veker før han døydde fekk han også taleevna att, og alt
såg ut til å ordne seg til eit
tilnærma normalt liv for Halvor.
Gleda og
optimismen var difor stor for oss alle.
Halvor var særs motivert for trening og det var aldri nei når
nokon ville trene med han i sjukeperioden.
Han var alltid den siste som ville gje seg og etter at han
fekk taleevna igjen, planla han korleis han skulle bygge kroppen opp
att og kva han skulle gjere vidare.
Fredag
ettermiddag kom han heim og hadde ein triveleg kveld heime. Truleg
var eit nytt slag allereie då under utvikling, for han vart trøtt og
la seg tidleg. Tidleg
laurdags morgon gjekk han på toalettet, men har truleg tatt feil veg
på veg tilbake til senga. Han fall og truleg utløyste sjokket dette
det siste slaget. Trass i god innsats frå ambulansemannskap og
legar, stod ikkje livet til å redde. I løpet av ein times tid var
han borte og familia sat att med berre minna. Gode minner om ein
utruleg snill og følsom son og bror. Tomrommet etter han vil alltid
vere der og livet for dei som er att vert aldri som før.