Eg prøver å pisse! Daisy med blærekatarr?

Grasdal gard - Ein god stad for menneske og dyr

Vindspollen, bruk nr. 2

Bruket er utskilt frå bruk nr. 1 ved skyldskifte halde i 1876.  Det var Gullak Olson Vindspoll som selde bruket, halvparten av garden sin, til Ole Josefson Svarstad.  Den hadde då ei skyld på 1 dl. 18 skilling.  Kjøpesummen var på 350 spd.  Året etter lånte Svarstad   600 kroner i Hypotekbanken for å løyse ut garden. 

Ole Svarstad kom i økonomiske vansker og broren Endre fekk kjøpe garden på auksjon i 1887 for  700 kroner.   I 1907 skøytte så enka etter Endre, Olina Vindspoll, garden over på sonen Johannes for   1200 kroner, som skulle stå med pant i garden.  I tillegg sikra ho seg med kår med verdi for 60 kroner pr.  år.

I 1913 skøytte  Johannes  garden over til Søren Vågene for  4000 kroner.  Johannes og familia flytta sjølve til Trøndelag.

 Då Søren og Anna kom i 1913 var det lite dyrka jord der.  Dei  dyrka alt innanfor løa og nedanfor bakken mot sjøen.  Før dei kom var det teke torv innafor elva nedom veien.  I 1925 bygde dei ny løe, og i  1932  byggde dei på stovehuset.  Det aller første stovehuset stod der det no står.  Hjørnesteinane etter det gamle stovehuset,  som var  lengre enn noverande hus, vises rett inn for huset framleis. 

Huset vart delt i to i forbindelse med deling av garden 1876.  Den fyrste fjøsen stod nærare noverande stovehus enn fjøsen i dag.

Søren skøytte i 1959 garden over til sonen Edvard og kona Borghild for  8000 kroner og kår.  Gjertrud har rett til å bu i huset så lenge ho lever.

Edvard skøytte i 1974 garden over  på sonen Svein.  I desember  1975 bles orkanen taket av naustet, og Svein valde å bygge det opp att frå grunnen av.  Dei har også fornya mykje dei andre bygningane på garden med m.a. ny ytterkledning,  og elles gjort mykje vedlikehald på garden.  I 1984  vart bakken nedanfor stova planert.  

Jordskifte i utmarka har pågått i fleire år, men var endeleg ferdig og rettskraftig i 1994.  Garden har no omlag 27 daa dyrka jord, ca 10 daa udyrka innmark. Anne Karin og Svein nytter garden i dag som fritidsbustad, medan Gjertrud budde der det meste av året så lenge ho kunne før ho flytta på sjukeheimen.