Om familia vår
Vi bur på eit lite gardsbruk i Engesetdal i Skodje
kommune nær Ålesund. Familia består av Lars-Olav, Sigbjørn og
Kristin og Harald.
Halvor var eldste guten, men døde desverre i
2005, 31 år gammel.
Grasdal
- Familia flytta til Møre i august 1980. Vi flytta til eit
nedlagt bruk som det ikkje hadde budd folk på på lenge, og
sjølve garden var ikkje dreven dei siste 20 åra. Då flyttebilen
kom, visste det seg at der heler ikkje var brukbar veg heilt
fram, alt måtte berast dei siste 150 meterane.
- Det viste seg etterkvart at optimismen kanskje var vel stor
då vi kjøpte bruket. Det meste bar preg av tidens tann og
at det var lenge sidan det hadde vore iet godt vedlikehald
på garden. Gjerdehold, marker, fjøs og hus var alt i svært
dårleg forfatning i forhold til det som var ønskeleg om ein
skulle leve der og drive garden.
Frå venstre: Halvor, Sigbjørn og Lars-Olav

Kristin og Harald var på tur til Kiel i
2006........

