
Grasdal gard -
Ein god stad for menneske
og dyr
Sommeren 1998 fekk vi eit stabbur på tunet!
Stabburet er i hovedsak laga av tømmer som vi har teke frå eigen gard. På førehand hadde vi greve ned store steinar til å sette det på. Plassen er der huset på garden stod før, eit hus som var bygt i 1922 og rive i 1987.
Dei som laga det var Jack Kjølås og Per Giskehaug frå Stranda. Stabburet var lafta på førehand på garden til Jack, og dei kom med det klart for oppsetting. På tre dager var arbeidet ferdig, og vi hadde fått eit nytt bygg på garden.
Vi fekk torv på taket siste dagen med fint ver, søndag 11.10. Nils- Petter og Jan Tore var tak- tekkarar. Det verka som om dei aldri hadde gjort anna!
Då vi starta med gardsmatutsal i 1999, var stabburet butikken vår i fleire år. Tungvint, men veldig koselig. Med tre kunder var der fullt!