Eg prøver å pisse! Daisy med blærekatarr?

Grasdal gard - Ein god stad for menneske og dyr

Byen Dubno ubno ligg ved Ikva elva i Rivne provinsen i Ukraina.

Dubno er full av tradisjoner og merker etter en fordums storhetstid. På 1400 talet vart festninga midt i byen bygt og set sitt preg på heile byen med sine bygninger og tårn. Byen feira i 2000 sitt 900 års jubileum.
Bykirka til venstre. Kirka til høgre er frå Verba. Ofte er det store kontraster mellom stasbygga og det næraste området rundt.
Sjølv nær sentrum er det svært dårleg standard på veiane. Fattigdommen er ikkje lett å skjule.
Dette er også Dubno.  I halvparten av dette huset bur det 3 vaksne og 4 barn i 2 små rom. Fattigdommen er stor i byen og distriktet. 
Eit litt anna inngangsparti ikkje langt frå same staden. Nokre få er svært rike, og ein kan lure på kvar rikdommen kjem frå.
Festdag i Dubno. Gamle tradisjoner blir holdt i hevd.
Her frå festningsområdet. Festninga er frå starten lagt opp som eit solid forsvarsverk, med underjordiske ganger og fluktruter.
 
   
  To dager i veka er det ope på markedet. Her kjem alle som vil selge noko.  Utvalget er svært stort og det er gode muligheter for å få kjøpt det du treng svært rimeleg. mange besøkande set stor pris på den sosiale delen, her treff dei både slekt og vener.
 
 
 
  Kvar på sin måte gjer ein det ein kan for å tene til livets opphold.  Damene over syng kristelege sanger tostemt, og tente truleg meir penger på det enn mange andre på markedet.
   
  Vi traff også kjente på markedet.  Her er det gutar frå internatskulen som er på bytur for å vise fram sine nye norske klær.  

Elvira har det godt saman med si familie.  Ho får stort sett det ho treng og lir inga naud. Her saman med fargerike plastblomstrar som var overalt på markedet.
 
   
   
   
Både på markedet og utanfor sentrum fann vi klær frå nødhjelpssendinger som var til salgs.  Det kunne vore interessant å høyrt kvar dei hadde fått dei frå.
Eigaren av denne nødhjelpsbutikken kom på besøk, eller inspeksjon i sin Mercedes.