Eg prøver å pisse! Daisy med blærekatarr?

Grasdal gard - Ein god stad for menneske og dyr

Familien Artsablyk

Familien Artsablyk i Dubno består av mor Tanja, far Sergey og døtrene Elisabeth (4) og Elvira (14).  Dei budde før i ei leilighet nær sentrum av Dudno, men kjøpte i 2008 ein vertikalt del av ein tidlegere skule  som låg litt utanfor sentrum.  For dei var dette drømmen, å få noko for seg sjølve med ein liten hageflekk!
Det kjem godt med at Sergey er murer og altmuligmann!  Han fekk mykje arbeid også heime då dei kjøpte seg leilighet.  Med Sergey som sjef og Tanja som assistent og nestsjef, gjekk arbeidet med oppussing relativt fort. Alleireie eit år etter kjøpet, hadde dei gjort det meste inne.
Tanja sette serleg pris på sitt nye kjøkken, og viser gjerne gleda si til Sergey. Ho gleder seg over hageflekken, og starter tidleg med vårarbeidet der.
Familiebanda er sterke i Ukraina, og det er nok endå meir samhold der enn her i Norge. Dei hjelper kvarandre og held sammen så mykje som muleg.
Eldste jenta, Elvira som fyller 14 år til sommeren, er nok på mange måter lik sine norske javnaldrende jenter.  Ho har etterkvart fått en sterk vilje til kossen ho skal oppføre seg, og mangler enkelte ganger litt energi for å utføre skulearbeidet så godt som ho burde.  Lysta til å kle seg moderne er også tilstades, og ho er på full fart til å verte ei ung dame.
Men Elvira er snill, og har stor kjærlighet til si søster Elisabeth.   Dei går godt overens og ho passer på søstra og er sammen med ho ofte.




Elisabeth (under) er nok sjarmtrollet i familien,  ho er i den alderen at ho vil gjere alt, og vite alt.  Ho tørker gjerne håret til storesøster når ho får lov å hjelpe !
Kven ka stå mot slike auge og dette smilet ?

Den nye vaskemaskina til mamma måtte sjølvsagt testast grundig! 

Og bamsen frå Norge fekk visstnok ståkarakter ser det ut til!
Kirka er en stor del av livet til denne familia, og dei deltek i arbeidet der både som organisatorer, medlemmer og forrettere. Sergey har også utdannelse innen teologi, og deltek i både bryllup og andre sermonier innenfor kirka.
Som dei fleste andre i Ukraina, må familia utnytte naturen så mykje som muleg. Om våren samler dei mykje sevje frå trea (siste året 30 liter), og dei er sjølvforsynte med poteter og mange grønnsaker og bær.  Potetsettinga tek dei gjerne i saman med venner og familie på eit areal utanfor byen som dei eig i lag med familia. 
Bruk av naturen er forskjellig i frå Norge.  Her i Norge bruker vi den som rekreasjon og litt status........  men i Ukraina bruker dei den oftest for å hauste den.  Det er en utnyttelse av naturen på en annen måte, men som gir rekreasjon også til dei.  Der får dei rekreasjon som eit tillegg.  Legg merke til Sergey under som tapper sevje. Med dette har dei ein sunn og næringsrik drikk som dei kan bruke store deler av året. Nokre av oss husker kanskje at vi i barndommen også tappa sevje, frå ein bjørkekvist som vi bøygde ned.  Men for oss var det den gang som ein del av spenninga i oppveksten, ikkje nøden som tvang oss.
En Bjørnovn.......   et enkelt ønske som er vanskeleg og oppfylle.  Finns det nokon som har ein slik ovn som dei kan tenke seg å verte av med for ein billig penge ??
Dubno er en by full av tradisjoner og merker etter en fordums storhetstid.
   

 

 

 


Sergey (38)er utdanna innen tekstilfag, men siden der ikkje finnes arbeid for slike no i Ukraina, har han dei siste årene arbeidd som murer og flislegger. Klikk på bildet for å sjå nokre av hans arbeid!



Tanja (33) er utdanna kokk, og vil gjerne jobbe med mat om ho får anledning til det. Ho snakker godt norsk etter to opphold i Norge som aupair. Både ho og mannen deltek mykje i arbeidet i kirka si. Dei er begge sentrale i arbeidet vårt i Ukraina, og har gode kontakter som ein kan stole på.