Eg prøver å pisse! Daisy med blærekatarr?

Grasdal gard

Ein god stad for menneske og dyr

Hyggekveld på skuleinternatet i Dubno

Skulekvardagen er nok ikkje den mest spennande, og når nokon lager til fest for dei, er dei tydeleg spente og forventningsfulle.
Det er familia Artsablyk som står i spissen for festen og som organiserer alt. Her ser vi over til venstre Elvira (13) og Elisabet på 4 som forbereder festen.  Det er store mengder mat og godsaker som skal til for så mange. Legg merke til det store innslaget av frukt og sunne godsaker som er på plass i forhold til eit norsk festbord!
På bildene over er det Tanja og datter Elvira som pynter til fest.  Under gjer ei venninne av Tanja, som også heter Tanja!) seg klar til sin opptreden som klovn.  Mann til Tanja, Sergey, er best til å fylle luft i ballonger.  Han hadde også innslag for elevane seinare på kvelden med historier.
Barna er utålmodige etter å komme til bords, men klovnen Tanja vil gjerne ha litt oppmerksomhet først!
 (Klovnane i Norge er på langt nær så pene!)  :-)
Det er på grensa til tortur å la barna vente til etter leikane før dei får gå til bords! 
Med så mange munner å mette, blir det ravelt for Tanja og dei andre hjelparane å fylle opp matfatene og glassa. 
Sjå på ansikta og vurder om desse barna set pris på litt frukt og juice ein vanleg kvardag !  Dette varma på ein elles kald vinterdag i januar!