Eg prøver å pisse! Daisy med blærekatarr?

Grasdal gard - Ein god stad for menneske og dyr

Skuleinternat i Verba

Internatskulen ligg i bykommunen Verba, 15 km frå Dubno sentrum. På skulen går omlag 110 barn i alderen 6-16 år.  Dei fleste av desse er foreldrelause fordi foreldra er døde etter Tsjernobylulykka,  og bur difor på skulen heile året. Ein del av dei har familie som dei besøker i helger eller høgtider.
 
Internatet har en stor matsal der barna får sine daglege måltider. Kopper og fat er av rustfritt stål, og maten er nok desverre ikkje av den mest næringsrike eller feitande.
 
     
Her finn vi ingen overvektige barn slik som både i Norge og andre stader. Men dei tek godt i mot gjester og er smilande og blide når vi spør om bilder...........
Kjøkkenet på internat
Matsalen
I slutten av mars 2010 reiste eg til Ukraina med litt hjelp til barna på skulen. Med i bilen hadde eg også med ein frysar full av mat, i første rekke fersk sild som var gave frå Brødrene Sperre i Ålesund.
Silda vart sett stor pris på, og gjev næringsrik mat til barna i mange måltid. Her er det bestyrerinna på internatet som "inspiserer" silda og sørger for at den vert godt innelåst på lageret.
Helsepapira frå Mattilsynet i Norge vart grundig sjekka og sjølvsagt godteke.  Rektor til høgre, tolken Vittalij i midten.
 
 
Vi fekk ei omvisning på skulen, her frå samlingssalen.
Det såkalla leikerommet på internatet inneheldt eit fjernsyn og ein krakk......   Her fann vi lite som kunne friste nokon av dei 110 barna. Vårt håp er å kunne få inn både leikar og anna på dette rommet før vinteren set inn.
På soveromma var det så mange senger som det var plass til. Her var ikkje plass for personlege ting eller bilder på veggane...........

Det var lite hjelp i å vere blyg eller redd for å vise seg fram her.
Det vart sett stor pris på gavene som vi hadde med oss. Denne gjengen i norske klær møtte vi dagen etter på markedet i Dubno.
     
Til slutt fekk vi sjå rektor sitt private svømmebasseng på skulen. Inngangen var ikkje av same standard som kjøkkeninngangen, og besøkande frå Norge gjorde "store auge"  over anlegget.
Her mangla det ikkje på verken lydanlegg, 50" TV, sauna eller anna.
Kontroll av veggpanel og lyssetting.............
Vatnet vart også "kontrollert", og det heldt ein god temperatur.  Her mangla det lite. Slik er det når pappa til rektor er sjefen hans, og ein ikkje eig samvittighet overfor barna som svelt.