Eg prøver å pisse! Daisy med blærekatarr?

Grasdal gard

Ein god stad for menneske og dyr

Skola Internat i Dubno

Internatskulen ligg i bykommunen Verba,omlag 15 km frå Dubno sentrum. På skulen går omlag 120 barn i alderen 6-16 år.  Dei fleste av desse er foreldrelause fordi foreldra døde etter Tsjernobyl ulykka,  og bur difor på skulen heile året. Ein del av dei har familie som dei besøker i helger eller høgtider.
Skulekvardagen er nok ikkje den mest spennande, og når nokon lager til fest for dei, er dei tydeleg spente og forventningsfulle.
Det er familia Artsablyk som står i spissen for festen og som organiserer alt. Her ser vi over til venstre Elvira (13) og Elisabet på 4 som forbereder festen.  Det er store mengder mat og godsaker som skal til for så mange. Legg merke til det store innslaget av frukt og sunne godsaker som er på plass i forhold til eit norsk festbord!
På bildene over er det Tanja og datter Elvira som pynter til fest.  Under gjer ei venninne av Tanja, som også heter Tanja!) seg klar til sin opptreden som klovn.  Mann til Tanja, Sergey, er best til å fylle luft i ballonger.  Han hadde også innslag for elevane seinare på kvelden med historier.
Barna er utålmodige etter å komme til bords, men klovnen Tanja vil gjerne ha litt oppmerksomhet først!
 (Klovnane i Norge er på langt nær så pene!)  :-)
Det er på grensa til tortur å la barna vente til etter leikane før dei får gå til bords! 
Med så mange munner å mette, blir det ravelt for Tanja og dei andre hjelparane å fylle opp matfatene og glassa. 
Sjå på ansikta og vurder om desse barna set pris på litt frukt og juice ein vanleg kvardag !  Dette varma på ein elles kald vinterdag i januar!

 

 

 

Skal vi hjelpe endå ein gong?

Vi er flinke til å hjelpe i Norge, og det er ikkje alltid så mykje som skal til før det betyr noko for dei som mottek hjelpa! Denne gangen var det litt frukt og juice som laga kvelden til eit minne og ein positiv dag for dei 120 barna i Verba.

Familien Artsablyk er ikkje uvant med å lage til fest og moro. Dei arbeider ofte i kirka i Dubno og ofrer seg for barna der. Denne gangen brukte dei tida si til internatskulen og dei foreldrelause barna der. 

Vil du vere med på å sende mat, undervisningsutstyr, leiker og klær til desse barna ?  Ta kontakt på telf. 90134629, Harald!

Du kan også gje pengegaver direkte til konto: 3910.39 42598, att: Ukraina prosjekt.  Då vil pengane gå til neste sending dit. Alle som gjev gaver vil få rapport og bilder etc. når turen er over. Les meir om Dubno her.